mandag 24. mai 2010

Sveler!

I dag har eg laga nydelege tjukke sveler. Oppskrifta på desse er mykje brukt på Vestlandet, og på dei mange ferjene som kryssar fjordane våre, får du også kjøpt slike sveler. Då blir dei kalla Ferjesveler!!
Dei er raske å lage, og smakar aller best når dei er rykande ferske. Då er det nok å ha berre smør og sukker på! Men elles er det godt med både sylte, brunost og rømme på.

Her er oppskrifta:
3 egg
2 dl sukker
Lag eggedosis!

Tilsett:
2 ts natron
1 ts hornsalt
2 ts vaniljesukker
1 l kulturmjølk
50 gr smelta margarin
Mjøl til passe røre,
dvs den skal vere ganske tjukk. Men la den stå og svelle litt før du steiker, og tilsett evt. litt meir mjøl om den er for tynn.
For at steikinga skal gå fort, så brukar eg å steike på ei stor takke. Men det går like fint å steike dei på vanlig steikepanne. Pensle plata med litt smør av og til om det heng fast.