mandag 5. juli 2010

Roser.....


Siste åra har eg oppdaga kor vakre enkelte roser er. 2 skrantete Nina Weibull (klaserose) har overlevd i hagen min i minst 15 år utan å ha fått noko særleg med stell, ganske enkelt fordi eg ikkje har likt roser så godt.

Så var eg på besøk hos ei venninne for nokre år sidan og fekk sjå ei Austin-rose. Då var det gjort! Stor som ein tallerken, fyllt med tett i tett med vakre kronblad,.....ei enkelt rose var nok i seg sjølv til å stå i ein vase. Etter den dagen byrja eg å sjå etter Austin-roser eller historiske/engelske roser i hagesentra.

Og nokre har det blitt, ei kjøpte eg i fjor, men den står fremdeles i potta utan å vere planta, 2 nye har komt til i år, så no MÅ eg plante dei snart.

HER på denne sida er det eit firma , Rosa Røyse, som har spesialisert seg på slike roser, oppdaga den nyleg, så no skal eg kose meg med den.

Noen som har det......


I hvert fall noen i familien har det strålandes! Her på Vestlandet er det høst midt på sommaren! Regnbyger, lavt skylag og stormkast ved kysten! Då sender eg misunnande tankar til min datter og svigerson som lørdag landa i Honolulu på Hawai for å feriere der i 2 herlige veker. Meir info finn du her om du også får lyst å reise!!
Fann desse fine bilda av Waikiki beach på Google, denne stranda skal dei visst være en del på. I tillegg til dykking med haier og inspeksjon av vulkaner!!! Uff, mor liker ikkje slikt!!!!!