fredag 23. september 2011

Hjerteblad

I forige innlegg skreiv eg om fargane på Hjertetreet mitt. Namnet på treet kjem naturleg nok av den flotte hjerteforma blada har. Sjå kor nydeleg fargane er på desse blada. Eit fargespel som går mykje i raudt og gult, men også dei litt meir bleike fargane. På eine sida av treet er blada enno mørk grøne, mulig der kjem fargar litt seinare. I allefall er dette treet heilt utruleg når det gjeld fargar, det strålar i eit stort fargespekter!!


Det gløder ute!

I media høyrer vi om at det er lite haustfarger å sjå pga alt regnet. Heldigvis har eg eit tre som vil det litt annleis! Eit stort HJERTETRE står i hagen min og lyser i glødande fargar. Vel å merke når sola er framme! I går var det eit øyeblikk, kanskje berre 1 min, at sola braut igjennom det grå skydekket. Eg sat inne i stova og plutselig såg eg dette treet lyse opp i hagen. I full fart fann eg fotoapparatet og fekk teke 3 bilder,......då eg skulle ta det fjerde,... ja så var lyset og gløden borte. Så dette var eit ekte øyeblikksbilde!

Hjertetreet er eit nydelig hagetre, mitt er ca 15 år gammalt og er 8-10 m høgt. Det er ikkje alle år det får like fine fargar, kvifor det er slik anar eg ikkje. Er iallefall glad for å ha dette i hagen. På bildet ser du ei brungul bjørk i bakgrunnen, ingen vakre fargar der. Men der er også eit morelltre med knallraude blad, nydelig!

onsdag 7. september 2011

Klematis i blomst

Innimellom alle regnbyene kjem det av og til litt blå himmel og solstreif. Då er det om å gjere å vere på plass med fotoapparatet.
Denne Ville de Lyon er ekstra fin i år og er nettopp begynt å blomstre! På tide! Men med ein så kald sommar som vi har hatt no, kan ein ikkje vente det betre. Men i år er det første året den ikkje har hatt mjøldogg, så noko bra er det med veret likevel.
Sjå kor knoppane står i kø og ventar på sol og varme!


Denne fargen er nydelig til denne grå løeveggen min.

Eg er litt usikker på kva sort dette er, trur eg mp inn i buskaset for å leite etter lappen om den finst. Den liknar mest på Jakmani men trudde den hadde berre 4 kronblad. Og President ser vel ikkje slik ut heller?? Om det er nokon som kan gi meg svar på dette, så hadde eg blitt glad for det.