søndag 10. november 2013

Farsdagsfrukost!

 Eg er alltid tidleg oppe uansett dag, og når det framleis er mørkt om morgonen er det koseleg å tenne lys. Sidan det er farsdag i dag, var det kjekt å dekke på litt ekstra fint. Dette koppesettet er frå Høganes og er etter kvart blitt nokre år. Eg har alltid likt dette koppesettet og designet er tidlaust har eg funne ut. Eg ser stadig koppar og fat med denne enkle rada med prikkar som dekor, enkelt med nydelig. Også den same gråfargen har eg sett på nyare koppar og fat.
 
Grip dagen far! Då passa det fint å setje fram desse to telysholdarane som eg kjøpte i vinter!! Har ikkje hatt dei framme før i dag, og far skrytte og tykte dei var veldig fine!! :) Då fekk eg iallefall ikkje beskjed om at lysestakar har vi nok av! 
Desse er kjøpt i ein interiørbutikk på nær Bryggen i Bergen. Namnet på butikken huskar eg ikkje, men for dei lokalkjende så er det ein butikk med lita fasade, men kjempelang bakover. ( nær Kjøttbørsen) Her finn du også veldig mykje flott sengetøy, og prisane er ok på det meste i denne butikken!
Vi hadde ein fin frukost i lag!