Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg

mandag 20. februar 2012

Vår- vinter-snart vår igjen

Overskrifta på innlegget her fortel det meste! Sist fredag var det reint vårleg ute, snøen heldt på å smelte bort og eg såg grøne spirar i løkbedet ute. Inne i stova stod det 2 nyinnkjøpte primula og lyste mot meg. Frisk rosafarge er ein gladfarge, og visst gleder ein seg til vår når ein ser slikt!

Men det løner ser å følge med på Yr eller på tv, for laurdag morgen vart eit sjokk. Det var julestemning ute, og mitt humør rykka 3 steg tilbake!! 20 cm snø!! Heilt unødvendig!
Men det var lett snø, så det var også vakre vintermotiv å sjå ute, og å gå i ute. Så det vart ein vinterleg søndag også.
Men akk, i dag tidleg var det verre å sjå ut, for her var det plussa på 20 cm ekstra med snø!
.......og denne snøen vart forvandla på kort tid, frå lett puddersnø om morgonen til kram snø nokre timar seinare, til våt snø og regnbyger, til slaps og flaum på veier og flater!
Så no er håpet på ei ny vårløysing, for onsdag 22.2 er det Peder Stol eller Per Varmestein iflg Primstaven, det betyr vel at snøen smeltar bort??

onsdag 10. august 2011

Agaphantus

I år har eg kjøpt meg ein Agaphantus. Mange flotte blomsterklasar på den, og det ser ut til at dei står på lenge. Korleis eg skal få den til å overleve vinteren ,veit eg ikkje heilt enno. Har nokon gode tips, så tek eg gjerne imot dei!

torsdag 25. november 2010

Vinterroser

Det er lenge sidan forige innlegg her på bloggen, sist var det roser, no er det også roser! Denne gongen er det mine egne roser, eg fekk dei av mi svigerdatter. Nydelige og lilla i fargen. Slike roser skal ho ha i brudebuketten sin pinsafta neste år. Blir nok heilt nydelig!

lørdag 17. april 2010

Vakkert!

Så nydelige tulipanar kan være!!! Desse sarte rosa fyllte tulipanane stod plutselig foran meg i ein Coop butikk, og eg klarte ikkje å gå frå dei. Eg reknar med at desse kan eg seinare plante ut i hagen min, og sjå dei att like fine neste år.


Si det med blomster heiter det også, så dette vakre knippet med tulipaner vil eg bruke som blomsterhelsing til vår Guro som bur langt unna. God bedring til deg, og la storegutt passe godt på deg!!