Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

torsdag 25. desember 2014

Julero!

Forige innlegg kom i mai! Uff, her har ikkje bloggen vore prioritert! Men siste innlegg heitte "Herlig", det burde nesten dette også heite. Det er tidleg 1. juledagsmorgen, stille i huset og det er berre eg, flammane i ovnen, juletreet som lyser og roleg klassisk musikk frå P2! Nydeleg!



Dagen i dag vert nok både kald og vakker. Minus 7 gr i morgontimane, og den lyse himmelen i aust lovar ein strålande dag!

torsdag 6. desember 2012

Den kvite hjorten!

Det ser ut til at også hjort er blitt eit julesymbol, ja for eg syns den liknar meir på hjort enn reinsdyr. I fjor viste Charm Design nydelige reinsdyr i brunt, du ser dei HER, og etter det har eg sett etter liknande.

Og liknande har eg sett, i alle slags underlege unaturlege former, pels og fargar, og ikkje minst prisar. Har i det siste skjøna at i år er dyra kvite, så no har eg også kikka etter det. Nokre var ikkje fine, og nokre var for dyre, inntil eg fann denne som såg nokolunde normal ut og attpåtil hadde ein ganske unormal pris!! Den er rett nok av hard plast, men til ein pris på kr 33.30 hos Søstrene Greene, så fall valet på denne utgåva. At den er av plast merkar ein ikkje før den vert letta opp.

onsdag 4. januar 2012

Vakre gåver

Min datter og svigerson feira jul i USA i år, men kom heim nest siste dag av 2011. Så på nyttårsafta vart det julaft nr 2, med nydelige amerikainspirerte innpakningar. Nesten for vakre til å rive av papiret. Inni ein av pakkane var det eit vakkert tidlaust sjal i jordfarger.

mandag 29. november 2010

Biscotti

I dag har eg laga BISCOTTI, ein kakesort eg aldri har smakt før. Men no i etterkant, så veit eg at dette kjem eg til å lage meir av. Nydelig gode til kaffien!
Inspirasjon og oppskrift fann eg på Trines mektige matblogg, ein utruleg bloggar som lagar innlegg om god mat kvar dag!! Besøk bloggen!
Her er oppskrifta, framgangsmåten finn du på Trines blogg:

200 gram mandler, snittet eller grovt hakket
3 eggeplommer
250 gram sukker
3 ss vaniljesukker (alternativt frøene fra en vaniljestang)
3 eggehviter
1 klype salt
skallet av 1-1,5 sitron, gjerne økologiske
ca 400 gram hvetemel
1,5 ts bakepulver

Del deigen i 3 emner som du ruller til tykke pølser som er nesten like lang som stekebrettet ditt er bredt. Legg pølsene på et bakepapirkledt stekebrett. Form emnene slik at de blir ca 2 cm høye og ca 6 cm brede.

Stek biscottipølsene ved ca 175 grader i ca 30-35 minutter, eller til de er passe stekt. Ta de umiddelbart på et skjærebrett og skjær ca 2-3 cm brede skiver, på skrå.

Etterpå havna kakene i min nyaste kakeboks, knallrød og fin, kjøpt på Europris.