Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg

søndag 4. april 2010

Påskefrukost

Gode frukostar når ein har fri ,er ein god start på dagen. Lys på bordet og påskeservise lagar den rette stemninga og maten smakar ekstra godt.
Denne vesle sjarmøren er det ein av ungane som har laga ein gong, syns han fortener å komme fram av og til , og så bryr eg meg ikkje om at dattera i huset skrattlo då ho såg den og lurte på kva slags vesen dette var.....

Dette serviset kjøpte eg to kuvertar av for lenge sidan. Det var Firkløveren som hadde desse, men då eg skulle få tak i fleire, så fann eg dei ikkje att i sortimentet. Så om det er nokon som har slike og vil selje meg nokre eller veit kvar eg får kjøpt fleire, så må de ta kontakt.


Og egg frå mine egne frittgåande høner smakar ubeskriveleg godt viss eg har truffe koketida perfekt...

tirsdag 30. mars 2010

Påskefri!

No har eg påskefri og det er herlig å sjå fram mot fleire fridagar på rad. Og når sola til og med skin i dag, då er det berre å nyte dagen (....og å gjere mykje husarbeid og litt til!!)