Viser innlegg med etiketten bad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bad. Vis alle innlegg

søndag 4. april 2010

Bad i boks!

Og så er veggane komne på plass og vi har fått montert opp baderomsinnredning. Er veldig fornøgde med den, Innredninga er dansk og kjøpt hos Coop Extra.
Vasken er porselen, 90 cm brei og ca 40 cm djup. Ei perfekt innredning for små bad!

Speilet har innebygd lys på sidene, i dei stripete felta. Brytaren for lyset er eit lite touch panel på undersida av speilet. Er no litt spent på kva type krane vi skal ha, for det er ikkje bestemt enno.

torsdag 1. april 2010

Badet

I "Small house 1" jobbes det med badet for tida. På veggane har vi valt plater frå Fibo-Trespo.
Vi har ein vegg med kvite plater og dei 3 andre med mellomgrå. Platene er i høgglans og dei er veldig fine syns vi. Men det må gjerast nøyaktig arbeid heile tida, så når det er første gong ein gjer slikt, så tek det tid. Til no er 2,5 veggar ferdige, så kanskje resten kjem på plass i løpet av dagen.

På den kvite veggen skal barderomsinnredninga stå. Den er 90 cm brei med kvit heildekkande vask og med svarte skap under. Speilet har innebygd belysning. Bilder av dette kjem seinare når det er på plass!