Og så er veggane komne på plass og vi har fått montert opp baderomsinnredning. Er veldig fornøgde med den, Innredninga er dansk og kjøpt hos Coop Extra.
Viser innlegg med etiketten small house 1. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten small house 1. Vis alle innlegg
søndag 4. april 2010
Bad i boks!
Og så er veggane komne på plass og vi har fått montert opp baderomsinnredning. Er veldig fornøgde med den, Innredninga er dansk og kjøpt hos Coop Extra.torsdag 1. april 2010
Badet
I "Small house 1" jobbes det med badet for tida. På veggane har vi valt plater frå Fibo-Trespo.
Vi har ein vegg med kvite plater og dei 3 andre med mellomgrå. Platene er i høgglans og dei er veldig fine syns vi. Men det må gjerast nøyaktig arbeid heile tida, så når det er første gong ein gjer slikt, så tek det tid. Til no er 2,5 veggar ferdige, så kanskje resten kjem på plass i løpet av dagen.mandag 29. mars 2010
Flisgolv
I huset har vi ei todeling på typen golv. På grunn av tilpassing innvendig så valde vi å ha støypte golv i halve huset fordi det var så lite å gå på i grunnen. Det gamle golvet låg heilt nede på fjell utan isolasjon under. Om vi skulle ha tregolv der, så ville vi måtte bygge det opp så høgt at vi ville tape plass på ytterkantane av romma, dvs at skråtaket ville komme så lavt at der ikkje vart ståhøgde. Difor har vi støypte golv med varmekabel og fliser på soverom, gang, bad og kjøkken. I stova skal vi ha laminatparkett, skal vise det seinare når det er lagt.
Kjøkken og gang har samme sort fliser, grå ca 30 x 30 cm. Det støypte golvet ligg lavare enn stovedelen i huset, difor løyste vi dette med å lage ei trapp opp frå kjøkkenet.
Kjøkken og gang har samme sort fliser, grå ca 30 x 30 cm. Det støypte golvet ligg lavare enn stovedelen i huset, difor løyste vi dette med å lage ei trapp opp frå kjøkkenet.Kjøkkenet tek form
Kjøkkenet er no klart for maling. På veggen har vi først lagt fiberduk, kjøpt i 50 m rullar hos Kulør. Den er 90 cm brei og er veldig god å sette opp. Anbefales! Men underlaget må være godt sparkla så det er heilt jamt, for det er ikkje struktur i tapeten så alt ujevnt under viser. Eg grunna sponplatene før eg sette opp tapeten, dette for å sleppe at limen vart sugd inn i platene i staden for å lime tapeten!På golvet har vi grå fliser og vi har kvit innredning. Vi måtte difor finne ein farge som passa inn her og valet fall på fargen frå Jotun Lady 1877 Valmuefrø ( S4502-y). Det er ein varm mørk grå farge med snev av brunt i.

onsdag 24. mars 2010
Vinduer
Når en skal restaurere hus, så er vidauga like viktige som forma på huset. Vindauga er som augene på eit menneske, det gjev utsjånaden det personlege preget! Difor var det viktig for oss å få same måla på dei nye vindauga våre, og til denne jobben fekk vi selgaren av vindauga til å komme og ta måla. Det var eit lurt trekk, for då vart alle viktige detaljar klarlagt og forstått med ein gong. I tillegg var det trygt å tenkje på også, for skulle noko vere gale med måla, ja så var det ikkje vi som hadde målt feil!!tirsdag 23. mars 2010
Bordkledning
Tunet vårt er i gammal stil, og når vi skulle planlegge restaureringa av husa, så var det viktig å ikkje innføre moderne mateiale. Mest mogleg skulle være slik det har vore. På det eine av husa våre er det bordkledning med ein liten profil nederst, omtrent slik som "perlestaff" har. Dette ville vi ta vare på og vi ynskte å ha dette på begge husa våre. Men slik kledning er ikkje å få i byggevarehandelen, så her måtte det spesialbestillast på eit lokalt sagbruk.Bordkledninga vart kjempefin! 8 tommar breie, kraftige furubord, nokre av dei var utruleg tunge i egenvekt, så der var kvaliteten max! Og mange har beundra denne kledninga og sagt at dei visste ikkje at noko slikt fanst! Eg er no veldig glad for at vi valde å "Egendesigne" denne kledninga, men sagbruket hadde visst laga noko liknande før, så dei klarte den jobben fint.
Det vart mange, mange meter å beise, og med to strøk vart det òg dobbelt så mange meter også! Vi har brukt oljebeis og fargen heiter "Skifer".


Det vart mange, mange meter å beise, og med to strøk vart det òg dobbelt så mange meter også! Vi har brukt oljebeis og fargen heiter "Skifer".
mandag 22. mars 2010
Rive ned - bygge opp att!
,
Vi leigde tømrer til å gjere ferdig huset utanpå. Eit slikt gammalt hus er både skeivt og har mange utfordringar. Når vi i tillegg skulle bevare mest mulig, men skifte ut litt, så var dette ein jobb for meir fagfolk enn oss. Huset skal tåle både ver og vind og då er det trygt å vite at konstruksjonen er rett !!
Smauet vårt!
Smauet vårt!søndag 21. mars 2010
Dei to gamle husa
I alle år har eg og mannen min drive med restaurering og vedlikehold av bygningane på garden vår. Det er mykje verdiar og historie i dei gamle husa, og å rive dei ned har aldri vore eit alternativ for oss. Økonomisk sett hadde det nok vore lurt, men det er heilt fantastisk å drive prosessen og deretter sjå eit resultat som ikkje kan kjøpast for pengar etterpå! Og det er ikkje få som har vore innom nokre av husa våre og fortalt at no angra dei på dei husa som dei har rive ned på sine eigedomar. Når eg høyrer dette, då veit eg at vi iallefall har gjort det rette.Desse to husa er eitt av våre mange prosjekt på garden vi bur på. Og vi har holdt på i 3 år no. Restaurering av gamle hus tek mykje lenger tid enn bygging av nye. For her skal utsjånaden og dei gamle måla takast vare på, det er mykje tilpassing og tenkjearbeid. Og mange nye oppfinningar må til også!

Men det ferdige resultatet gjev lønn for strevet! Ein kopi av det gamle framstår i ny drakt, og strålar ved sida av det andre gamle huset.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















