mandag 29. november 2010

Biscotti

I dag har eg laga BISCOTTI, ein kakesort eg aldri har smakt før. Men no i etterkant, så veit eg at dette kjem eg til å lage meir av. Nydelig gode til kaffien!
Inspirasjon og oppskrift fann eg på Trines mektige matblogg, ein utruleg bloggar som lagar innlegg om god mat kvar dag!! Besøk bloggen!
Her er oppskrifta, framgangsmåten finn du på Trines blogg:

200 gram mandler, snittet eller grovt hakket
3 eggeplommer
250 gram sukker
3 ss vaniljesukker (alternativt frøene fra en vaniljestang)
3 eggehviter
1 klype salt
skallet av 1-1,5 sitron, gjerne økologiske
ca 400 gram hvetemel
1,5 ts bakepulver

Del deigen i 3 emner som du ruller til tykke pølser som er nesten like lang som stekebrettet ditt er bredt. Legg pølsene på et bakepapirkledt stekebrett. Form emnene slik at de blir ca 2 cm høye og ca 6 cm brede.

Stek biscottipølsene ved ca 175 grader i ca 30-35 minutter, eller til de er passe stekt. Ta de umiddelbart på et skjærebrett og skjær ca 2-3 cm brede skiver, på skrå.

Etterpå havna kakene i min nyaste kakeboks, knallrød og fin, kjøpt på Europris.



torsdag 25. november 2010

Vinterroser

Det er lenge sidan forige innlegg her på bloggen, sist var det roser, no er det også roser! Denne gongen er det mine egne roser, eg fekk dei av mi svigerdatter. Nydelige og lilla i fargen. Slike roser skal ho ha i brudebuketten sin pinsafta neste år. Blir nok heilt nydelig!

mandag 5. juli 2010

Roser.....


Siste åra har eg oppdaga kor vakre enkelte roser er. 2 skrantete Nina Weibull (klaserose) har overlevd i hagen min i minst 15 år utan å ha fått noko særleg med stell, ganske enkelt fordi eg ikkje har likt roser så godt.

Så var eg på besøk hos ei venninne for nokre år sidan og fekk sjå ei Austin-rose. Då var det gjort! Stor som ein tallerken, fyllt med tett i tett med vakre kronblad,.....ei enkelt rose var nok i seg sjølv til å stå i ein vase. Etter den dagen byrja eg å sjå etter Austin-roser eller historiske/engelske roser i hagesentra.

Og nokre har det blitt, ei kjøpte eg i fjor, men den står fremdeles i potta utan å vere planta, 2 nye har komt til i år, så no MÅ eg plante dei snart.

HER på denne sida er det eit firma , Rosa Røyse, som har spesialisert seg på slike roser, oppdaga den nyleg, så no skal eg kose meg med den.

Noen som har det......


I hvert fall noen i familien har det strålandes! Her på Vestlandet er det høst midt på sommaren! Regnbyger, lavt skylag og stormkast ved kysten! Då sender eg misunnande tankar til min datter og svigerson som lørdag landa i Honolulu på Hawai for å feriere der i 2 herlige veker. Meir info finn du her om du også får lyst å reise!!
Fann desse fine bilda av Waikiki beach på Google, denne stranda skal dei visst være en del på. I tillegg til dykking med haier og inspeksjon av vulkaner!!! Uff, mor liker ikkje slikt!!!!!

søndag 13. juni 2010

Farlig god dessert!!!

Ein farlig god dessert!! Den liknar litt på tilslørte bondepiker, men er laga med bringebær i staden for eplemos. Og den er veldig enkel å lage.
Oppskrifta er slik:

Bruk 1/2 pk Marshmallows, klipp kvar opp i 3-4 bitar.

1/3 pk Digestive og 1/2 pk Mariekjeks knuses i ein plastpose. Det er også godt med Kornmokjeks i denne blandinga, men det hadde eg ikkje i dag.


Pisk 2 pk kremfløyte og bland i Marshmallows.

Fyll i dessertskåla slik:
Lag 1: Krem m/Marshmallows
Lag 2: Rørte bringebær
Lag 3: Knuste kjeks
Lag 3-4 slike lag og avslutt med krem øverst.

mandag 24. mai 2010

Sveler!

I dag har eg laga nydelege tjukke sveler. Oppskrifta på desse er mykje brukt på Vestlandet, og på dei mange ferjene som kryssar fjordane våre, får du også kjøpt slike sveler. Då blir dei kalla Ferjesveler!!
Dei er raske å lage, og smakar aller best når dei er rykande ferske. Då er det nok å ha berre smør og sukker på! Men elles er det godt med både sylte, brunost og rømme på.

Her er oppskrifta:
3 egg
2 dl sukker
Lag eggedosis!

Tilsett:
2 ts natron
1 ts hornsalt
2 ts vaniljesukker
1 l kulturmjølk
50 gr smelta margarin
Mjøl til passe røre,
dvs den skal vere ganske tjukk. Men la den stå og svelle litt før du steiker, og tilsett evt. litt meir mjøl om den er for tynn.
For at steikinga skal gå fort, så brukar eg å steike på ei stor takke. Men det går like fint å steike dei på vanlig steikepanne. Pensle plata med litt smør av og til om det heng fast.

lørdag 17. april 2010

Vakkert!

Så nydelige tulipanar kan være!!! Desse sarte rosa fyllte tulipanane stod plutselig foran meg i ein Coop butikk, og eg klarte ikkje å gå frå dei. Eg reknar med at desse kan eg seinare plante ut i hagen min, og sjå dei att like fine neste år.


Si det med blomster heiter det også, så dette vakre knippet med tulipaner vil eg bruke som blomsterhelsing til vår Guro som bur langt unna. God bedring til deg, og la storegutt passe godt på deg!!