torsdag 6. desember 2012

Den kvite hjorten!

Det ser ut til at også hjort er blitt eit julesymbol, ja for eg syns den liknar meir på hjort enn reinsdyr. I fjor viste Charm Design nydelige reinsdyr i brunt, du ser dei HER, og etter det har eg sett etter liknande.

Og liknande har eg sett, i alle slags underlege unaturlege former, pels og fargar, og ikkje minst prisar. Har i det siste skjøna at i år er dyra kvite, så no har eg også kikka etter det. Nokre var ikkje fine, og nokre var for dyre, inntil eg fann denne som såg nokolunde normal ut og attpåtil hadde ein ganske unormal pris!! Den er rett nok av hard plast, men til ein pris på kr 33.30 hos Søstrene Greene, så fall valet på denne utgåva. At den er av plast merkar ein ikkje før den vert letta opp.

søndag 22. april 2012

Ferdinand Finne

I går var eg på loppemarked og kom over eit fantastisk fat! Dette blå fatet med gule sitronar stod og venta, med ein prislapp på 10 kr!!! Kven finn på å kvitte seg med slikt? Det er ca 30 x 40 cm og passar perfekt på spisebordet!

Desse sitronane minner meg om Ferdinand Finne, det gule sitronserviset han har designa og som eg har ønska meg lenge,...men ikkje kjøpt enno. Med Finne i tankane så rusla eg vidare på loppemarkedet, og midt mellom bøkene så dukka det utruleg nok opp ei flott bok av,..........Ferdinand Finne!!!
Eit merkeleg sammentreff at denne boka stod akkurat der??? Og denne boka til 5 kr!!! Eg er allereie begynt å lese i den og han skriv om sine opplevingar på øyar i Middelhavet. Første øya er Panarea, ei øy eg aldri hadde høyrt om, men som eg måtte Google. Ei lita øy ved Sicilia, fann eg ut og kom over ein video om den på You Tube. Du finn den HER.
Desse tre bilda er frå denne boka. Han er ein flott kunstnar og brukar friske fargar, men også mange svart-kvitt tegningar.


Så det ser ut til at dette sakl bli ei bok der eg vil lære om liv og landskap på øyane i Middelhavet.

søndag 1. april 2012

Morgenkaffi

Ein stille palmesøndagsmorgen i heimen, mor er oppe mens resten søv, og radioen held meg med fint selskap. Då er det nydelig med god nylaga kaffi attåt påskas frukostegg og skive med ansjos og majones. Nyytes!

mandag 20. februar 2012

Vår- vinter-snart vår igjen

Overskrifta på innlegget her fortel det meste! Sist fredag var det reint vårleg ute, snøen heldt på å smelte bort og eg såg grøne spirar i løkbedet ute. Inne i stova stod det 2 nyinnkjøpte primula og lyste mot meg. Frisk rosafarge er ein gladfarge, og visst gleder ein seg til vår når ein ser slikt!

Men det løner ser å følge med på Yr eller på tv, for laurdag morgen vart eit sjokk. Det var julestemning ute, og mitt humør rykka 3 steg tilbake!! 20 cm snø!! Heilt unødvendig!
Men det var lett snø, så det var også vakre vintermotiv å sjå ute, og å gå i ute. Så det vart ein vinterleg søndag også.
Men akk, i dag tidleg var det verre å sjå ut, for her var det plussa på 20 cm ekstra med snø!
.......og denne snøen vart forvandla på kort tid, frå lett puddersnø om morgonen til kram snø nokre timar seinare, til våt snø og regnbyger, til slaps og flaum på veier og flater!
Så no er håpet på ei ny vårløysing, for onsdag 22.2 er det Peder Stol eller Per Varmestein iflg Primstaven, det betyr vel at snøen smeltar bort??

lørdag 14. januar 2012

Dagen derpå!


Må berre formidle dette artige innlegget hos Living White! For dagen derpå etter fredag den 13. så er her ein del tips til korleis vi kan skrive skademeldingar!!

onsdag 4. januar 2012

Vakre gåver

Min datter og svigerson feira jul i USA i år, men kom heim nest siste dag av 2011. Så på nyttårsafta vart det julaft nr 2, med nydelige amerikainspirerte innpakningar. Nesten for vakre til å rive av papiret. Inni ein av pakkane var det eit vakkert tidlaust sjal i jordfarger.