torsdag 25. desember 2014

Julero!

Forige innlegg kom i mai! Uff, her har ikkje bloggen vore prioritert! Men siste innlegg heitte "Herlig", det burde nesten dette også heite. Det er tidleg 1. juledagsmorgen, stille i huset og det er berre eg, flammane i ovnen, juletreet som lyser og roleg klassisk musikk frå P2! Nydeleg!



Dagen i dag vert nok både kald og vakker. Minus 7 gr i morgontimane, og den lyse himmelen i aust lovar ein strålande dag!

fredag 30. mai 2014

Herlig!

Ein inneklemd dag som vart fridag er berre herlig! Iallefall når sola skin og det er varmt og godt. Då er det herlig å sitje på verandaen og ta ein kvil og kaffi før ein skal jobbe meir i hagen!