fredag 23. september 2011

Hjerteblad

I forige innlegg skreiv eg om fargane på Hjertetreet mitt. Namnet på treet kjem naturleg nok av den flotte hjerteforma blada har. Sjå kor nydeleg fargane er på desse blada. Eit fargespel som går mykje i raudt og gult, men også dei litt meir bleike fargane. På eine sida av treet er blada enno mørk grøne, mulig der kjem fargar litt seinare. I allefall er dette treet heilt utruleg når det gjeld fargar, det strålar i eit stort fargespekter!!


Det gløder ute!

I media høyrer vi om at det er lite haustfarger å sjå pga alt regnet. Heldigvis har eg eit tre som vil det litt annleis! Eit stort HJERTETRE står i hagen min og lyser i glødande fargar. Vel å merke når sola er framme! I går var det eit øyeblikk, kanskje berre 1 min, at sola braut igjennom det grå skydekket. Eg sat inne i stova og plutselig såg eg dette treet lyse opp i hagen. I full fart fann eg fotoapparatet og fekk teke 3 bilder,......då eg skulle ta det fjerde,... ja så var lyset og gløden borte. Så dette var eit ekte øyeblikksbilde!

Hjertetreet er eit nydelig hagetre, mitt er ca 15 år gammalt og er 8-10 m høgt. Det er ikkje alle år det får like fine fargar, kvifor det er slik anar eg ikkje. Er iallefall glad for å ha dette i hagen. På bildet ser du ei brungul bjørk i bakgrunnen, ingen vakre fargar der. Men der er også eit morelltre med knallraude blad, nydelig!

onsdag 7. september 2011

Klematis i blomst

Innimellom alle regnbyene kjem det av og til litt blå himmel og solstreif. Då er det om å gjere å vere på plass med fotoapparatet.
Denne Ville de Lyon er ekstra fin i år og er nettopp begynt å blomstre! På tide! Men med ein så kald sommar som vi har hatt no, kan ein ikkje vente det betre. Men i år er det første året den ikkje har hatt mjøldogg, så noko bra er det med veret likevel.
Sjå kor knoppane står i kø og ventar på sol og varme!


Denne fargen er nydelig til denne grå løeveggen min.

Eg er litt usikker på kva sort dette er, trur eg mp inn i buskaset for å leite etter lappen om den finst. Den liknar mest på Jakmani men trudde den hadde berre 4 kronblad. Og President ser vel ikkje slik ut heller?? Om det er nokon som kan gi meg svar på dette, så hadde eg blitt glad for det.

lørdag 27. august 2011

Saknar dette.....

Å som eg saknar dette! Veret i dag inviterer ikkje til kos på verandaen nei. Skyer heng lavt og lange skoddetarmar fer ivrige inn frå havet og har visst tenkt å fylle opp landskapet her. Men tross alt, sit no og ser på sykkelløpet Birken på Lillehammer på tv, der pøser det ned og små elver grev seg fram på veiane der!! Tross alt er veret bedre her eg er, så då er det om å gjere å sjå positivt på det. Og det er flott bloggever!! God helg til alle som er innom!

onsdag 24. august 2011

Natur

Å gå ein tur i fjella her eg bur, det er medisin for kropp og sjel. Når veret er så strålande som det var i går ettermiddag, ja då er det berre til å nyte. Utsyn, fargar og stille, kan ikkje bli betre etter ein travel dag på jobben!


søndag 21. august 2011

A small house, eldhuset!

På garden vår er det mange hus, 7 i alt. Dette på bildet er det minste vi har, eit eldhus. Dette vesle huset såg ikkje slik ut for ein del år sidan, og det var dette som var starten på restaureringsarbeidet vårt på garden. Eldhuset var gammalt, bordkledninga var begynt å rotne på baksida og grua tok til å smuldre vekk på baksida. Enten måtte det rivast eller takast vare på.
Vi kunne sjølvsagt ikkje rive ein slik skatt, men å få fagfolk til å gjere slikt, hadde vi ikkje råd til. Såleis starta vår sjølvopplæring som murer, tømrer og arkitekt. Eit vedlikehold krev alle desse faga, og dette kunne berre bli vinn vinn for oss, Fekk vi det ikkje til, så hadde vi iallefall gjort eit forsøk.

Restaureringa tok tid, men vi er utruleg fornøgde med denne skatten vi har skapt for oss sjølve. Kulturhuset mitt, kallar eg det, for inne er det ei stor grue og bord og benker. Bilder innvendig kjem seinare.I år er endelig uteområdet blitt i orden, med plen og store heller.

Eit lite stilleben står på hjørnet, den store hella vart ståande der tilfeldig, men ser no at i lag med det andre der så danner ho ein fin dekor!

søndag 14. august 2011

Fjellets gull!

Seinsommaren er eit faktum når moltene står klare til plukking. Nesten altfor vakre til å bli plukka er enkelte av dei. Så glødande varmoransjeraude står dei der, med eit grønt og glinsande skjørt under! Fokuset på bæret er ikkje heilt perfekt, men ok til å være mobilbilder.
Eg har funne ein del molter i fjella her eg bur, dei veks høgt oppe, desse bæra vart plukka i over 700 meters høgde. Dei skal bli til nydelig sylte som minner meg om fine fjellturar når vintermørkret legg seg over landet!

onsdag 10. august 2011

Agaphantus

I år har eg kjøpt meg ein Agaphantus. Mange flotte blomsterklasar på den, og det ser ut til at dei står på lenge. Korleis eg skal få den til å overleve vinteren ,veit eg ikkje heilt enno. Har nokon gode tips, så tek eg gjerne imot dei!

tirsdag 9. august 2011

Blomster i regnet

Det regner. Ikkje noko nytt her på Vestlandet. Men når det regnar alle dei dagane ein har lyst til å sitje ute og nyte kor frodig det blomstrar i dei nye blomsterkassene mine, ja då blir eg berre lei. Og iallefall når det lakkar og lir ut i august, og dei varme og litt mørke kveldane der vi sit ute med lys i lykter, dei let vente på seg.Ei stor trøst er iallefall bloggen, då kan eg legge inn bilda av dei nye blomsterkassene mine og sitje i sofaen og nyte dei!!
Desse to sink-kassene kjøpte eg på ferietur i Falkenberg i sør-Sverige. Eg såg slike i fjor i ein hage og har sidan då sett etter slike. Dei kosta 199 pr stk og er ca 40 ca lange. Syns dei er perfekte på ein vegg bak sitjebenken min, for her er ingen skarpe kantar og dei ruver lite på veggen når dei er så fint avrunda.

Nymalt!

No blir min gamle benk endelig kvit. Den har vore mørk blå i alle år, først og fremst fordi eg alltid har likt blått. Men blått har også vore ein praktisk farge, for det viser lite skitt på den og evt. grønske synes lite.
Er no forberedt på å skure den rein ofte, både for flugeskitt og andre merker, men pytt, den skal nok bli fin der eg skal plassere den. Den er no ferdigmalt, men har ikkje fått teke bilde enno. Malinga har elles teke tid når ein skal male ute her på Vestlandet......, det regner med jamne mellomrom, og dagen i dag ser ut til å bli både grå og våt. Altså ingen dag for å nyte utsikten frå ein kvitmalt benk i hagen!!

søndag 7. august 2011

Austinrosene blomstrer!

Så nydelig kan ei rose være!!
Denne rosa er ei Austin-rose som
heiter Abraham Darby. Den blomstra i juni med store flotte og tette roser.

Eg har kjøpt rosa på Plantasjen, litt overraska over at dei no har teke inn av denne sorten. I fjor hadde dei ikkje denne sorten. Eg har også kjøpt ei anna Austinrose som heiter Heritage, men den har ikkje blomstra enno.

lørdag 21. mai 2011

Austin rose

I går fann eg denne Austinrosa på Plantasjen!! Den heiter Abraham Darby.
Hurra for det, for slike roser er ofte vanskelig å få tak i. Har kjøpt nokre Austinroser tidlegare, men i vinter fraus mange, det var kjempekaldt lenge! Austinroser er store og mange er fyllte opp tett i tett med roseblad. Nydelige, det er nok med berre ei rose til ein dekorasjon!

Dette er beskrivelse henta frå ei nettside, "Rosa Røyse":



"Stor velformet aprikos rosa blomst. Sterk duft. Sunn, velforgrenet busk. Egnet for solitær."