fredag 20. desember 2013

Mine 7 julehjelper!!

Dette er mine 7 flittige julehjelper! Kvar dag stiller dei opp med minst 6 store brune nylagde egg, som oftast er der 7 egg! Dette kjem vel med når eg skal lage kaker til jul, diverse bakst og ha hardkokt egg til nydeleg røykalaks.


I dag var eg heilt tom for egg på kjøkkenet, men tok då korga mi og kom i hus att med 30 egg.
Sjølvsagt kostar dei litt i drift med for, men dei vert også fora med brødrestar, frukt og anna matavfall frå kjøkkenet! Dei er så lykkelege for all variert kost, hiver seg over den og skravlar i veg.

Høner er kjekke skapningar å ha på ein liten gard! Dei kom til gards i august, og til sommaren skal dei få vere ute i luftegarden og kanskje få seg nokre turar i hagen.

søndag 10. november 2013

Farsdagsfrukost!

 Eg er alltid tidleg oppe uansett dag, og når det framleis er mørkt om morgonen er det koseleg å tenne lys. Sidan det er farsdag i dag, var det kjekt å dekke på litt ekstra fint. Dette koppesettet er frå Høganes og er etter kvart blitt nokre år. Eg har alltid likt dette koppesettet og designet er tidlaust har eg funne ut. Eg ser stadig koppar og fat med denne enkle rada med prikkar som dekor, enkelt med nydelig. Også den same gråfargen har eg sett på nyare koppar og fat.
 
Grip dagen far! Då passa det fint å setje fram desse to telysholdarane som eg kjøpte i vinter!! Har ikkje hatt dei framme før i dag, og far skrytte og tykte dei var veldig fine!! :) Då fekk eg iallefall ikkje beskjed om at lysestakar har vi nok av! 
Desse er kjøpt i ein interiørbutikk på nær Bryggen i Bergen. Namnet på butikken huskar eg ikkje, men for dei lokalkjende så er det ein butikk med lita fasade, men kjempelang bakover. ( nær Kjøttbørsen) Her finn du også veldig mykje flott sengetøy, og prisane er ok på det meste i denne butikken!
Vi hadde ein fin frukost i lag!

tirsdag 15. oktober 2013

Vakkert!

Kanskje på tide med årets første innlegg...... denne bloggen har ikkje hatt første prioritet i år, og då blir det stillstand. Er forsatt like interessert i hus og hage og interiør, så her kjem nokre vakre bilder frå hagen min.


Bilda er av eit tre som heiter Hjertetre, og kvar haust gløder det i alle dei vakre hjerteforma blada. Og når himmelen er knallblå og sola gyllen og varm, ja då blir det berre VAKKERT!