fredag 20. desember 2013

Mine 7 julehjelper!!

Dette er mine 7 flittige julehjelper! Kvar dag stiller dei opp med minst 6 store brune nylagde egg, som oftast er der 7 egg! Dette kjem vel med når eg skal lage kaker til jul, diverse bakst og ha hardkokt egg til nydeleg røykalaks.


I dag var eg heilt tom for egg på kjøkkenet, men tok då korga mi og kom i hus att med 30 egg.
Sjølvsagt kostar dei litt i drift med for, men dei vert også fora med brødrestar, frukt og anna matavfall frå kjøkkenet! Dei er så lykkelege for all variert kost, hiver seg over den og skravlar i veg.

Høner er kjekke skapningar å ha på ein liten gard! Dei kom til gards i august, og til sommaren skal dei få vere ute i luftegarden og kanskje få seg nokre turar i hagen.