mandag 20. februar 2012

Vår- vinter-snart vår igjen

Overskrifta på innlegget her fortel det meste! Sist fredag var det reint vårleg ute, snøen heldt på å smelte bort og eg såg grøne spirar i løkbedet ute. Inne i stova stod det 2 nyinnkjøpte primula og lyste mot meg. Frisk rosafarge er ein gladfarge, og visst gleder ein seg til vår når ein ser slikt!

Men det løner ser å følge med på Yr eller på tv, for laurdag morgen vart eit sjokk. Det var julestemning ute, og mitt humør rykka 3 steg tilbake!! 20 cm snø!! Heilt unødvendig!
Men det var lett snø, så det var også vakre vintermotiv å sjå ute, og å gå i ute. Så det vart ein vinterleg søndag også.
Men akk, i dag tidleg var det verre å sjå ut, for her var det plussa på 20 cm ekstra med snø!
.......og denne snøen vart forvandla på kort tid, frå lett puddersnø om morgonen til kram snø nokre timar seinare, til våt snø og regnbyger, til slaps og flaum på veier og flater!
Så no er håpet på ei ny vårløysing, for onsdag 22.2 er det Peder Stol eller Per Varmestein iflg Primstaven, det betyr vel at snøen smeltar bort??