torsdag 1. april 2010

Badet

I "Small house 1" jobbes det med badet for tida. På veggane har vi valt plater frå Fibo-Trespo.
Vi har ein vegg med kvite plater og dei 3 andre med mellomgrå. Platene er i høgglans og dei er veldig fine syns vi. Men det må gjerast nøyaktig arbeid heile tida, så når det er første gong ein gjer slikt, så tek det tid. Til no er 2,5 veggar ferdige, så kanskje resten kjem på plass i løpet av dagen.

På den kvite veggen skal barderomsinnredninga stå. Den er 90 cm brei med kvit heildekkande vask og med svarte skap under. Speilet har innebygd belysning. Bilder av dette kjem seinare når det er på plass!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar