mandag 5. juli 2010

Roser.....


Siste åra har eg oppdaga kor vakre enkelte roser er. 2 skrantete Nina Weibull (klaserose) har overlevd i hagen min i minst 15 år utan å ha fått noko særleg med stell, ganske enkelt fordi eg ikkje har likt roser så godt.

Så var eg på besøk hos ei venninne for nokre år sidan og fekk sjå ei Austin-rose. Då var det gjort! Stor som ein tallerken, fyllt med tett i tett med vakre kronblad,.....ei enkelt rose var nok i seg sjølv til å stå i ein vase. Etter den dagen byrja eg å sjå etter Austin-roser eller historiske/engelske roser i hagesentra.

Og nokre har det blitt, ei kjøpte eg i fjor, men den står fremdeles i potta utan å vere planta, 2 nye har komt til i år, så no MÅ eg plante dei snart.

HER på denne sida er det eit firma , Rosa Røyse, som har spesialisert seg på slike roser, oppdaga den nyleg, så no skal eg kose meg med den.

3 kommentarer:

  1. Nydelige roser!
    Syboksene/pennalene mine er sydd etter et mønster fra boken "Lapper stort og smått" av Lise Bergene. Selve sammnsyingen har jeg gjort etter Sissels syglede sin beskrivelse. Jeg linker til henne i et innlegg som jeg skrev 24. juni.
    Rannveig

    SvarSlett
  2. Hie! Ja, mønsteret står i boka!

    SvarSlett
  3. Meinte sjølvsagt å skrive Hei.... Av og til går det litt vel fort.

    SvarSlett