
Innimellom alle regnbyene kjem det av og til litt blå himmel og solstreif. Då er det om å gjere å vere på plass med fotoapparatet.

Denne
Ville de Lyon er ekstra fin i år og er nettopp begynt å blomstre! På tide! Men med ein så kald sommar som vi har hatt no, kan ein ikkje vente det betre. Men i år er det første året den ikkje har hatt mjøldogg, så noko bra er det med veret likevel.


Sjå kor knoppane står i kø og ventar på sol og varme!


Denne fargen er nydelig til denne grå løeveggen min.


Eg er litt usikker på kva sort dette er, trur eg mp inn i buskaset for å leite etter lappen om den finst. Den liknar mest på
Jakmani men trudde den hadde berre 4 kronblad. Og
President ser vel ikkje slik ut heller?? Om det er nokon som kan gi meg svar på dette, så hadde eg blitt glad for det.