tirsdag 30. mars 2010

Påskefri!

No har eg påskefri og det er herlig å sjå fram mot fleire fridagar på rad. Og når sola til og med skin i dag, då er det berre å nyte dagen (....og å gjere mykje husarbeid og litt til!!)

Polka dots!

Sist eg var på Kremmerhuset og handla, så fekk eg med med litt fint innpakningspapir. Det var så utruleg fint med polka dottar på begge sider. Rett og slett eit lurt papir, for her kunne ein velge lilla eller beige botn!
I fleire år har eg hatt ståande ein pappboks frå Panduro, har brukt denne til brodertråden min. No hadde eg plutselig eit papir som var perfekt til denne boksen. Med saks og limstift var det gjort på 10 minutt å forvandle denne til ein lekker boks! Fin nok til å stå framme no!

...og kokeboka mi fekk nytt design med den lilla polkadotten!!

mandag 29. mars 2010

Flisgolv

I huset har vi ei todeling på typen golv. På grunn av tilpassing innvendig så valde vi å ha støypte golv i halve huset fordi det var så lite å gå på i grunnen. Det gamle golvet låg heilt nede på fjell utan isolasjon under. Om vi skulle ha tregolv der, så ville vi måtte bygge det opp så høgt at vi ville tape plass på ytterkantane av romma, dvs at skråtaket ville komme så lavt at der ikkje vart ståhøgde. Difor har vi støypte golv med varmekabel og fliser på soverom, gang, bad og kjøkken. I stova skal vi ha laminatparkett, skal vise det seinare når det er lagt. Kjøkken og gang har samme sort fliser, grå ca 30 x 30 cm. Det støypte golvet ligg lavare enn stovedelen i huset, difor løyste vi dette med å lage ei trapp opp frå kjøkkenet.
Flisane på soverommet er gråsvarte og ca 30 x30 cm. Kjøpt hos Byggmakker.

På badet har vi koksfarga fliser, dei store er ca 30 x 60 cm, kjøpt hos Byggmakker . Dei små flisane har vi lagt i dusjhjørnet, dei har vi kjøpt hos ein lokal forhandler.

Kjøkkenet tek form

Kjøkkenet er no klart for maling. På veggen har vi først lagt fiberduk, kjøpt i 50 m rullar hos Kulør. Den er 90 cm brei og er veldig god å sette opp. Anbefales! Men underlaget må være godt sparkla så det er heilt jamt, for det er ikkje struktur i tapeten så alt ujevnt under viser. Eg grunna sponplatene før eg sette opp tapeten, dette for å sleppe at limen vart sugd inn i platene i staden for å lime tapeten!
På golvet har vi grå fliser og vi har kvit innredning. Vi måtte difor finne ein farge som passa inn her og valet fall på fargen frå Jotun Lady 1877 Valmuefrø ( S4502-y). Det er ein varm mørk grå farge med snev av brunt i.

søndag 28. mars 2010

Lørdagswok!

God mat må til innimellom, men det er ikkje alltid ein har oppskrift på det ein skal lage. Denne woken vart laga etter eigen ide. Ingrediensane var omlag slik:
  • Strimla svinekjøt
  • Squash
  • Broccoli
  • Champignon
  • Babymais
  • 1 pose broccoliblanding
  • 1 post Santa Maria wok saus, Yellow curry (mild type)

Og samansetjinga var svært vellukka viste det seg!

I tillegg til kokt ris, laga eg foccaccia med frisk rosmarin på.

Oppskrift:
  • 1/2 pk gjær
  • 3 dl lunka vatn
  • 1,5 dl melk
  • 3 ss olje
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts sukker
  • kveitemjøl til passe fast deig

Lag laus deig, heve 1/2 t. Ha ut over bakeplate, ha på frisk eller tørka rosmarin, ha over olivenolje og jobb den litt ned i deigen med fingrane. Dryss over Maldonsalt før du steiker v/230 gr i 20-25 min midt i omnen.


onsdag 24. mars 2010

Vinduer

Når en skal restaurere hus, så er vidauga like viktige som forma på huset. Vindauga er som augene på eit menneske, det gjev utsjånaden det personlege preget! Difor var det viktig for oss å få same måla på dei nye vindauga våre, og til denne jobben fekk vi selgaren av vindauga til å komme og ta måla. Det var eit lurt trekk, for då vart alle viktige detaljar klarlagt og forstått med ein gong. I tillegg var det trygt å tenkje på også, for skulle noko vere gale med måla, ja så var det ikkje vi som hadde målt feil!!
Vi bestilte ferdig måla vindauge både inne og ute, for å måle slikt er noko pirk. Og ein betaler forsvinnande lite for å få dette gjort.


tirsdag 23. mars 2010

Bordkledning

Tunet vårt er i gammal stil, og når vi skulle planlegge restaureringa av husa, så var det viktig å ikkje innføre moderne mateiale. Mest mogleg skulle være slik det har vore. På det eine av husa våre er det bordkledning med ein liten profil nederst, omtrent slik som "perlestaff" har. Dette ville vi ta vare på og vi ynskte å ha dette på begge husa våre. Men slik kledning er ikkje å få i byggevarehandelen, så her måtte det spesialbestillast på eit lokalt sagbruk.
Bordkledninga vart kjempefin! 8 tommar breie, kraftige furubord, nokre av dei var utruleg tunge i egenvekt, så der var kvaliteten max! Og mange har beundra denne kledninga og sagt at dei visste ikkje at noko slikt fanst! Eg er no veldig glad for at vi valde å "Egendesigne" denne kledninga, men sagbruket hadde visst laga noko liknande før, så dei klarte den jobben fint. Det vart mange, mange meter å beise, og med to strøk vart det òg dobbelt så mange meter også! Vi har brukt oljebeis og fargen heiter "Skifer".