
tirsdag 30. mars 2010
Påskefri!

Polka dots!


mandag 29. mars 2010
Flisgolv
I huset har vi ei todeling på typen golv. På grunn av tilpassing innvendig så valde vi å ha støypte golv i halve huset fordi det var så lite å gå på i grunnen. Det gamle golvet låg heilt nede på fjell utan isolasjon under. Om vi skulle ha tregolv der, så ville vi måtte bygge det opp så høgt at vi ville tape plass på ytterkantane av romma, dvs at skråtaket ville komme så lavt at der ikkje vart ståhøgde. Difor har vi støypte golv med varmekabel og fliser på soverom, gang, bad og kjøkken. I stova skal vi ha laminatparkett, skal vise det seinare når det er lagt.
Kjøkken og gang har samme sort fliser, grå ca 30 x 30 cm. Det støypte golvet ligg lavare enn stovedelen i huset, difor løyste vi dette med å lage ei trapp opp frå kjøkkenet.

Kjøkkenet tek form

På golvet har vi grå fliser og vi har kvit innredning. Vi måtte difor finne ein farge som passa inn her og valet fall på fargen frå Jotun Lady 1877 Valmuefrø ( S4502-y). Det er ein varm mørk grå farge med snev av brunt i.

søndag 28. mars 2010
Lørdagswok!

- Strimla svinekjøt
- Squash
- Broccoli
- Champignon
- Babymais
- 1 pose broccoliblanding
- 1 post Santa Maria wok saus, Yellow curry (mild type)
Og samansetjinga var svært vellukka viste det seg!

- 1/2 pk gjær
- 3 dl lunka vatn
- 1,5 dl melk
- 3 ss olje
- 1 ts salt
- 1/2 ts sukker
- kveitemjøl til passe fast deig
Lag laus deig, heve 1/2 t. Ha ut over bakeplate, ha på frisk eller tørka rosmarin, ha over olivenolje og jobb den litt ned i deigen med fingrane. Dryss over Maldonsalt før du steiker v/230 gr i 20-25 min midt i omnen.
onsdag 24. mars 2010
Vinduer

tirsdag 23. mars 2010
Bordkledning

Bordkledninga vart kjempefin! 8 tommar breie, kraftige furubord, nokre av dei var utruleg tunge i egenvekt, så der var kvaliteten max! Og mange har beundra denne kledninga og sagt at dei visste ikkje at noko slikt fanst! Eg er no veldig glad for at vi valde å "Egendesigne" denne kledninga, men sagbruket hadde visst laga noko liknande før, så dei klarte den jobben fint.
Det vart mange, mange meter å beise, og med to strøk vart det òg dobbelt så mange meter også! Vi har brukt oljebeis og fargen heiter "Skifer".





mandag 22. mars 2010
Rive ned - bygge opp att!
,
Vi leigde tømrer til å gjere ferdig huset utanpå. Eit slikt gammalt hus er både skeivt og har mange utfordringar. Når vi i tillegg skulle bevare mest mulig, men skifte ut litt, så var dette ein jobb for meir fagfolk enn oss. Huset skal tåle både ver og vind og då er det trygt å vite at konstruksjonen er rett !!
Smauet vårt!

søndag 21. mars 2010
Dei to gamle husa

Desse to husa er eitt av våre mange prosjekt på garden vi bur på. Og vi har holdt på i 3 år no. Restaurering av gamle hus tek mykje lenger tid enn bygging av nye. For her skal utsjånaden og dei gamle måla takast vare på, det er mykje tilpassing og tenkjearbeid. Og mange nye oppfinningar må til også!

Men det ferdige resultatet gjev lønn for strevet! Ein kopi av det gamle framstår i ny drakt, og strålar ved sida av det andre gamle huset.
Abonner på:
Innlegg (Atom)