mandag 29. mars 2010

Kjøkkenet tek form

Kjøkkenet er no klart for maling. På veggen har vi først lagt fiberduk, kjøpt i 50 m rullar hos Kulør. Den er 90 cm brei og er veldig god å sette opp. Anbefales! Men underlaget må være godt sparkla så det er heilt jamt, for det er ikkje struktur i tapeten så alt ujevnt under viser. Eg grunna sponplatene før eg sette opp tapeten, dette for å sleppe at limen vart sugd inn i platene i staden for å lime tapeten!
På golvet har vi grå fliser og vi har kvit innredning. Vi måtte difor finne ein farge som passa inn her og valet fall på fargen frå Jotun Lady 1877 Valmuefrø ( S4502-y). Det er ein varm mørk grå farge med snev av brunt i.

søndag 28. mars 2010

Lørdagswok!

God mat må til innimellom, men det er ikkje alltid ein har oppskrift på det ein skal lage. Denne woken vart laga etter eigen ide. Ingrediensane var omlag slik:
  • Strimla svinekjøt
  • Squash
  • Broccoli
  • Champignon
  • Babymais
  • 1 pose broccoliblanding
  • 1 post Santa Maria wok saus, Yellow curry (mild type)

Og samansetjinga var svært vellukka viste det seg!

I tillegg til kokt ris, laga eg foccaccia med frisk rosmarin på.

Oppskrift:
  • 1/2 pk gjær
  • 3 dl lunka vatn
  • 1,5 dl melk
  • 3 ss olje
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts sukker
  • kveitemjøl til passe fast deig

Lag laus deig, heve 1/2 t. Ha ut over bakeplate, ha på frisk eller tørka rosmarin, ha over olivenolje og jobb den litt ned i deigen med fingrane. Dryss over Maldonsalt før du steiker v/230 gr i 20-25 min midt i omnen.


onsdag 24. mars 2010

Vinduer

Når en skal restaurere hus, så er vidauga like viktige som forma på huset. Vindauga er som augene på eit menneske, det gjev utsjånaden det personlege preget! Difor var det viktig for oss å få same måla på dei nye vindauga våre, og til denne jobben fekk vi selgaren av vindauga til å komme og ta måla. Det var eit lurt trekk, for då vart alle viktige detaljar klarlagt og forstått med ein gong. I tillegg var det trygt å tenkje på også, for skulle noko vere gale med måla, ja så var det ikkje vi som hadde målt feil!!
Vi bestilte ferdig måla vindauge både inne og ute, for å måle slikt er noko pirk. Og ein betaler forsvinnande lite for å få dette gjort.


tirsdag 23. mars 2010

Bordkledning

Tunet vårt er i gammal stil, og når vi skulle planlegge restaureringa av husa, så var det viktig å ikkje innføre moderne mateiale. Mest mogleg skulle være slik det har vore. På det eine av husa våre er det bordkledning med ein liten profil nederst, omtrent slik som "perlestaff" har. Dette ville vi ta vare på og vi ynskte å ha dette på begge husa våre. Men slik kledning er ikkje å få i byggevarehandelen, så her måtte det spesialbestillast på eit lokalt sagbruk.
Bordkledninga vart kjempefin! 8 tommar breie, kraftige furubord, nokre av dei var utruleg tunge i egenvekt, så der var kvaliteten max! Og mange har beundra denne kledninga og sagt at dei visste ikkje at noko slikt fanst! Eg er no veldig glad for at vi valde å "Egendesigne" denne kledninga, men sagbruket hadde visst laga noko liknande før, så dei klarte den jobben fint. Det vart mange, mange meter å beise, og med to strøk vart det òg dobbelt så mange meter også! Vi har brukt oljebeis og fargen heiter "Skifer".

mandag 22. mars 2010

Rive ned - bygge opp att!

,Vi leigde tømrer til å gjere ferdig huset utanpå. Eit slikt gammalt hus er både skeivt og har mange utfordringar. Når vi i tillegg skulle bevare mest mulig, men skifte ut litt, så var dette ein jobb for meir fagfolk enn oss. Huset skal tåle både ver og vind og då er det trygt å vite at konstruksjonen er rett !! Smauet vårt!






søndag 21. mars 2010

Dei to gamle husa

I alle år har eg og mannen min drive med restaurering og vedlikehold av bygningane på garden vår. Det er mykje verdiar og historie i dei gamle husa, og å rive dei ned har aldri vore eit alternativ for oss. Økonomisk sett hadde det nok vore lurt, men det er heilt fantastisk å drive prosessen og deretter sjå eit resultat som ikkje kan kjøpast for pengar etterpå! Og det er ikkje få som har vore innom nokre av husa våre og fortalt at no angra dei på dei husa som dei har rive ned på sine eigedomar. Når eg høyrer dette, då veit eg at vi iallefall har gjort det rette.

Desse to husa er eitt av våre mange prosjekt på garden vi bur på. Og vi har holdt på i 3 år no. Restaurering av gamle hus tek mykje lenger tid enn bygging av nye. For her skal utsjånaden og dei gamle måla takast vare på, det er mykje tilpassing og tenkjearbeid. Og mange nye oppfinningar må til også! Det enklaste hadde vore å rive ned og bygge opp att i liknande mål, men det ville ikkje bli det same for oss. Dei gamle husa har SJEL, brukar eg å seie, og det blir bevart når vi brukar delar av huset. Det er ein lang prosess med riving, for kva skal bort og kva skal stå???


Men det ferdige resultatet gjev lønn for strevet! Ein kopi av det gamle framstår i ny drakt, og strålar ved sida av det andre gamle huset.
To små hus tett i tett,......slik bygde dei før og slik skal det bestå her hos oss også i framtida. Det vesle smauet i mellom husa har også sin eigen sjarm, med grove gråsteinsmurar, berg og trapp imellom.

søndag 28. februar 2010

To hus tett i tett.

Her kjem historia om dei to gamle husa på garden vår. Husa som berre forfall og forfall frå 60-åra og fram til 90-åra. Det huset som ser eldst ut utvendig no er det som hittil har vore best innvendig.
Huset med den nyaste fasaden no, har vore under rehabilitering dei siste 3 åra og det nærmar seg standarden bolighus igjen snart!! I denne bloggen blir dette huset kalla "Small house 1".