
På garden vår er det mange hus, 7 i alt. Dette på bildet er det minste vi har, eit eldhus. Dette vesle huset såg ikkje slik ut for ein del år sidan, og det var dette som var starten på restaureringsarbeidet vårt på garden. Eldhuset var gammalt, bordkledninga var begynt å rotne på baksida og grua tok til å smuldre vekk på baksida. Enten måtte det rivast eller takast vare på.

Vi kunne sjølvsagt ikkje rive ein slik skatt, men å få fagfolk til å gjere slikt, hadde vi ikkje råd til. Såleis starta vår sjølvopplæring som murer, tømrer og arkitekt. Eit vedlikehold krev alle desse faga, og dette kunne berre bli vinn vinn for oss, Fekk vi det ikkje til, så hadde vi iallefall gjort eit forsøk.
Restaureringa tok tid, men vi er utruleg fornøgde med denne skatten vi har skapt for oss sjølve. Kulturhuset mitt, kallar eg det, for inne er det ei stor grue og bord og benker. Bilder innvendig kjem seinare.I år er endelig uteområdet blitt i orden, med plen og store heller.

Eit lite stilleben står på hjørnet, den store hella vart ståande der tilfeldig, men ser no at i lag med det andre der så danner ho ein fin dekor!